Hopp til innhold

Ni av ti NAV-kontor bryt lova

Ni av ti NAV kontor her i landet bryt lov og offentlege forskrifter om sosiale tenester. Får kritikk for brot på teieplikt og manglar individuell behandling.

Inger Tveit Espeland

Inger Tveit Espeland hos Fylkesmannen i Telemark håpar tilsyna skal hjelpe NAV til å bli betre.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det viser tilsyn med sosiale tenester i kommunane i 2010.

Då blei det gjennomført 50 tilsyn ved NAV-kontor i like mange kommunar, og i 45 av desse tilsyna blei det funne grunnlag for kritikk.

Det vil seie at ni av ti NAV kontor bryt lov og føresegner om sosiale tenester.

Fem av seks får kritikk

I Telemark er det funne kritikkverdige forhold i fem av dei seks tilsyna som er gjennomført.

I undersøkinga kjem det fram at NAV er for dårleg til å sikre individuell behandling av søkarar til økonomisk støtte. I mange tilfelle blir det heller ikkje tatt omsyn til teieplikta, fordi dei som sit i køen kan høyre samtaler mellom saksbehandlar og den som søker hjelp.

– Vi har også sett på om NAV kontora er flinke til å fange opp muntleg søknader om sosialhjelp, om alle er sikra ei individuell behandling og om vedtaka som er gjort inneheld alle opplysningar som skal følge med, seier revisjonsleiar hos Fylkeslegen, Inger Tveit Espeland som er ansvarleg for undersøkinga i Telemark.

Bryt teieplikta

Dei undersøkingane som er gjort i Telemark er i samsvar med det som kjem fram i landsrapporten frå Helsetilsynet frå 2010.

Fylkesmannen i Telemark har nyleg undersøkt om NAV Sauherad sikrar ei forsvarleg behandling av søknader om økonomisk stønad. Det skal vere ei tilstrekkeleg kartlegging av hjelpebehovet, stønadsbehovet skal bli vurdert individuelt og utmålinga av stønad skal samsvare med hjelpebehovet til søkaren.

NAV Sauherad får kritikk for at opplysningar som er underlagt teieplikta kan høyrast av andre. Medlemmar av revisjonsteamet som var på besøk kunne overhøyre samtaler klientar hadde med saksbehandlarane medan dei sat i ventesofaen. Desse brota på teieplikta blei heller ikkje registrert og rapportert vidare, slik at dei kan brukast i forbetringsarbeidet.

Artikkelen fortset under biletet

Inger Tveit Espeland, fylkemannen i Telemark

Fem av seks NAV kontor i Telemark bryt lova om sosiale tenester, viser ei undersøking NAV Telemark har gjort. Det fortel Inger Tveit Espeland hos Fylkesmannen i Telemark.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Har blitt betre

– Det er aldri kjekt å bli tatt i å ikkje ha alt i orden, så eg opplever det som litt frustrerande å få registrert avvik. Men det gir oss jo også eit høve til å tak tak i det og bli betre, seier Målfrid Nygård Laskemoen, leiar ved NAV kontoret i Sauherad.

Ho fortel at dei alt har gjort noko med miljøet for å hindre brot på teieplikta. Sofagruppa der folk kan sitte og vente på hjelp er flytta, og det er sett opp skjermveggar og planter. I tillegg blir det spela låg musikk i lokalet for å hindre at samtaler blir høyrt av andre.

Brot på lova

Revisjonsteamet til Fylkesmannen har også undersøkt 13 tilfeldig valde mapper i Sauherad, der sju av desse galt naudhjelp. Her blei det funne mange manglar ved søknadene. Det var ikkje fylt ut kva det var søkt hjelp om, opplysningar og helse og sosiale forhold mangla og opplysningar om korleis hjelpa var rekna ut eller kva det skulle dekke. Det gjekk heller ikkje fram om det var ei individuell behandling av søknadene.

NAV-leiaren i Sauherad fortel at kontoret vil skjerpe rutinane som gjeld utfylling av skjema.

– Men i mange situasjonar kan det verke unaturleg å fylle ut alt i skjemaet kvar gong, fordi Sauherad er ein liten kommune og vi har god etablert kontakt med dei aller fleste brukarane. Vi gjer det sjølvsagt i dag i møte med nye og ukjente brukarar, seier Nygård Laskemoen.

Inger Tveit Espeland hos Fylkesmannen seier at eit avvik er eit brot på lov og føresegner, og at det er alvorleg.

Lære av kvarandre

–Vi ønskjer og trur at tilsyn fører til at kvaliteten på tenestene blir betre. At vi får ei betre styring av tenestene. Og at kommunane kan lære av kvarandre, seier Tveit Espeland.

– Kva kan årsaka vere til at det er funne så mange avvik?

– Det er vanskeleg å svare på. Tilsyn med økonomisk sosialhjelp fekk vi først heimel for å føre i 2010. I Telemark fant vi at fleire kommunar ikkje sørga for individuelle vurderingar rundt forhold som har med brukarane si helse, sosiale og økonomiske situasjon.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark