Hopp til innhold
Anmeldelse

Artig tronekamp

«Spelet om trona» er artig både for dei som har sett «Game of Thrones» og for dei som ikkje har sett den. Men er du blodfan må du tole at det blir tøysa med alt.

Bror og syster i foreining, ei foreining som vert rimeleg intim etter kvart. Scena minnar om balkongscena frå «Romeo og Julie» og dekkscena frå «Titanic» på same tid, berre med litt meir incestuøse undertonar. Veslemøy Mørkrid som Cersei Lannister og Mathias Luppichini som broren Jaime Lannister.

TVILSAM SØSKENKJÆRLEIK: Bror og syster i foreining, ei foreining som vert rimeleg intim etter kvart. Scena minner om balkongscena frå «Romeo og Julie» og dekkscena frå «Titanic» på same tid, berre med litt meir incestuøse undertonar. Veslemøy Mørkrid som Cersei Lannister og Mathias Luppichini som broren Jamie Lannister.

Foto: Julie Hrncirova / KHUR&HRNCIR
Teater

«Spelet om trona»

Basert på 1.sesong av TV-serien «Game Of Thrones»

Oslo

30. juni - 29. juli 2020

Kan ei teaterframsyning basert på verdas største – og mest komplekse – TV-serie underhalde både ein som ikkje har sett eitt minutt av serien OG tilfredsstille ein blodfan?

Gjengen i teatergruppa Overspillteatret har sett seg eit hårete mål for tiåret som kjem: Dei skal spele TV-serien «Game of Thrones» som teater. Ein sesong på ein time kvar sommar. Årets utgåve brukar utescena på Salt i Oslo som åstad for denne populære fantasyfortellinga.

Fantasy-verd

Dette dreier seg kort sagt (som jo er heile poenget med denne framsyninga) om fleire familiar som kjempar om å erobre Jerntrona i kongeriket Westeros. I ei fantasy-verd full av svik, ære, familiekomplikasjonar, drap, kjærleik, drakar – og eit persongalleri ein nærast treng oppslagsverk om.

Sjølv har eg ikkje sett serien og har heller ikkje lese bøkene TV-serien baserer seg på. Eg såg derfor framsyninga i lag med ei som kjenner historia godt.

Er det nok mat i det for ein blodfan og samtidig givande nok for oss andre? Ja, det er det.

Mange damer med mykje hår i «Spelet om Trona». Her speler Veslemøy Mørkrid ei av dei.

LANGE LOKKAR: Mange damer med mykje hår i «Spelet om Trona». Her speler Veslemøy Mørkrid ei av dei.

Foto: Julie Hrncirova / KHUR&HRNCIR

Tøffe val

Ein kjem ikkje utanom at ein god del røffe snarvegar må takast om ein skal rive av ein heil sesong av ein så kompleks TV-serie på ein liten klokketime. Fire skodespelarar gjer at parykkar og kapper fyk av og på, men vi vert kjende med dei viktigaste karakterane og dannar oss eit bilete av kva som står på spel.

Litt forvirrande er det likevel for ein som ikkje kjenner serien. Det er mange kvinner med langt, lyst og rimeleg bustete hår, og lett å gå seg vill i kven som er kven.

Fiffige løysingar

Grufulle drap, blod som sprutar, eld og drakar blir løyst på fiffige måtar: Anten stansar skodespelarane handlinga før det grufulle skjer, dei syng seg gjennom det eller pratar seg ut av det.

Dei bryt av forteljinga med metakommentarar («her skulle eigentleg mora mi ha vore med, men vi er berre fire skodespelarar, så det vart ikkje plass til ho»), dei bryt ut i song (gjerne med popkulturelle referansar, som for eksempel filmen «Titanic»), og tvangsekteskap med tilhøyrande valdtekt vert løyst med ein overraskande song om Stockholm-syndromet.

Godt for skodespelarane at dei syng bra, for her kjem modulasjonane og sjangerbytta som perler på ei snor.

Dagen etter tvangsgifte og ei valdeleg bryllupsnatt er karakteren Daenerys Targaryen ramma av Stockholm-syndromet. Ho er med på alt i Overspillteatret si framsyning av «Spelet om trona». NAVN: Ina Svenningdal / Mathias Luppichini.

STOCKHOLM-SYNDROMET: Dagen etter tvangsgifte og ei valdeleg bryllaupsnatt er karakteren Daenerys Targaryen (Ina Svenningdal) ramma av Stockholm-syndromet. Ho er med på alt i Overspillteatret si framsyning av «Spelet om trona». Til høgre: skodespelar Mathias Luppichini.

Foto: Julie Hrncirova / KHUR&HRNCIR

Gamet i gamet

Eit nyttig grep for ein utanforståande er ei scene der ein av hovudkarakterane i første sesong, Ned Stark, med eitt er med i eit gameshow. Framsyninga tek seg aldri tid til å dykke ned i djupna i forteljinga, heller ikkje hos karakterane, men her, i dette spelet i spelet, nærmar historia seg eit slags indre. Her finst noko eg såg for meg som ei slags kjerne i verket: speldimensjonen, lureri og nådelaus taktikk. Og ikkje minst: menneskelege kostnadar.

Ina Svenningdal (t.v.) spiller karakteren Arya Stark i teaterstykket "Spelet om trona" som er basert på TV-serien "Game of Thrones". Arya slik vi kjenner henne gjennom Maisie Williams i TV-serien.

NY ARYA: Ina Svenningdal (t.v.) spelar karakteren Arya Stark, dottera til Ned Stark. Til høgre Arya slik vi kjenner henne gjennom Maisie Williams i TV-serien.

Foto: JULIE HRNCIROVA/KHUR&HRNCIR,HELEN SLOAN/HBO

Kjapt levert

Stykket har blitt til på berre eit par veker. Det er kanskje i kortaste laget. Samstundes er det noko fint med det umiddelbare preget ei slik framsyning har. Sjangeren, sommarteater på ein utestad, skal vere slik: lett, ledig, artig.

Å få til eit såpass solid show på berre nokre veker, tyder på dyktige folk på skodespel og regi. Hadde dei hatt meir tid, ville dette ha vorte endå betre. Samstundes har dei fleire år på seg til å bygge troneverda si. Det er nok sesongar – hendingar, karakterar, svik og drap – å ta av.

Rett oppsummert?

Spør du meg kva eg trur sesong 1 av «Game of Thrones» handlar om etter dette, vert svaret noko slikt som: Eit rike, ein konge og ein mur. Ein mann som kallast ut av kongen, ei jente som er god med pil og boge, ei kvinne med drakeblod i kroppen, søsken som får barn i lag. Svik, drap og tvangsgifte – som gjev grunnlag for mengder av hevnmotiv, attrå, havesjuke, lystar og kjærleik.

Stemmer ikkje dette, får Overspillteatret ta skulda.

God stemning på Langkaia i Oslo under permieren på «Spelet om Trona», ein parodi på den kjende TV-serien «Game of Thrones». Mathias Luppichini, Ina Svenningdal, Patrik Stenseth.

GOD STEMNING på Langkaia i Oslo under premieren på «Spelet om Trona», ein parodi på den kjende TV-serien «Game of Thrones». Mathias Luppichini, Ina Svenningdal, Patrik Stenseth.

Foto: Julie Hrncirova / KHUR&HRNCIR

Artig underhaldning

Alt i alt er dette fin sommarunderhaldning. Artig for den som kjenner historia, og artig på ein annan måte for meg som møtte universet for første gong.

Det er mykje å le av, mykje som er tatt på kornet, fleire nikk til samtida marinert i lettbeint humor. Men er du blodfan, må du verkeleg tole at det blir tulla og tøysa med alt.

Teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl og litteraturkritikar Marta Norheim såg stykket saman og snakka om det i Nyhetsmorgen:

Nyhetsmorgen 26.06.20. Anmeldelse av "Spelet om trona"

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober